Framsida
Framsida
Arrangement
Herøysund Bygdalag
Herøysund Grendahus
Herøysund Idrettslag
Herøysund Skulemusik
Herøysund Båtlag
Stranda
POSTVEGEN
Nyttige lenker
SpareBank 1-stifting
MOWI
Kontakt oss
Nyhende
Kontakt oss
Herøysund Bygdalag
5462 Herøysundet
Bankgiro: 34600752911
Hege Bruntveit
Tlf.:959 99 359
Epost:
hege.bruntveit@gmail.com

SpareBank 1-stiftinga Kvinnherad


 
SpareBank 1-stiftinga Kvinnherad vart skipa 1. november 2010 med forretningskontor i Kvinnherad Kommune.
 
 
Forstandarskapet i Kvinnherad Sparebank og representantskapet i SpareBank 1 SR-Bank gjorde i møter den 28. juni 2010 vedtak om at dei interesser, som bankane representerte, ville vera best tente med at sparebankverksemda i Kvinnherad Sparebank vart overteken og vidareført gjennom SpareBank 1 SR-Bank.
 
 
Samstundes vart det vedteke at Kvinnherad Sparebank etablerte ei stifting som skal fremja sparebankverksemd i tidlegare Kvinnherad Sparebank sitt marknadsområde gjennom å eiga eigenkapitalbevis og disponera utbyte til ålmennyttige føremål.
 
 
Stiftinga sitt føremål er å forvalta eigenkapitalbevis som stiftinga vart tilført ved skipinga, og å stå for eit langsiktig og stabilt eigarskap i SpareBank 1 SR-Bank.
 
 
Stiftinga skal i tillegg plassera midlane på ein føremålstenleg og trygg måte ut frå omsynet til trygd, risikospreiing, likviditet og avkasting.
 
 
Stiftinga sitt føremål skal vidare vera å gje bidrag til ålmennyttige føremål.
 
 
 
 
 
 
 
  Tilbake

 
Linker
Vêrstasjon
Dynamiske websider utviklet av: iDrift AS