Framsida
Framsida
Arrangement
Herøysund Bygdalag
Herøysund Grendahus
Herøysund Idrettslag
Herøysund Skulemusik
Herøysund Båtlag
Stranda
POSTVEGEN
Nyttige lenker
Kontakt oss
Nyhende
Kontakt oss
Herøysund Bygdalag
5462 Herøysundet
Bankgiro: 3460.07.52911
Vipps: #661569
Leiar: Hege Bruntveit
Tlf:959 99 359
Epost:
leiar@heroysund.no
Kasserar: Tonje Smith
Tlf:482 67 433
Epost:
kasserar@heroysund.no
I den siste tida har det vore stort fokus på postvegen både her i kommunen og i andre kommunar og fylke. Her i kommunen starta interessa for alvor då Otto Vikane saman med mållaget og sogelaget laga heftet DEN GAMLE POSTVEGEN GJENNOM KVINNHERAD. No er store deler av postvegen mellom Utåker og Husnes restaurert og ein mykje nytta turveg. No står Herøysund for tur. Dugnadsvillige tek kontakt på e-post til are.uppheim@knett.no eller nh-kalde@online.noVi håpar e-post kan erstatta plakatar rundt i bygda.
 

I Herøysund har postvegen ikkje vore noko stort tema. Det som har vore mest framme er postbryggja i Kro. Denne steinbryggja var endepunktet for postvegen i Kvinnherad mellom Ølfernes og Herøysund. Bryggja vart ein del øydelagd i ein storm i januar 1951.

 

Postvegen, eller Den Stavangerske Hovedvei som den var kalla, gjekk frå Stavanger til Bergen og sytte for at posten kom og gjekk ein gong for veka. Til Kvinnherad (Ølfernes) kom posten frå Skånevik med båt, etter den var frakta over fjellet frå Etne.  Herøysund sin del av postvegen startar i Langot og endar opp på postbryggja (ei steinbryggje i Kro). Herifrå vart posten rodd til Ølve der den gjekk vidare over land til Sundfjord, med båt til Strandvik, vidare over fjellet til Fusa, med båt til Hatvik og vidare gjennom Os og Fana til Bergen.

 

Denne postruta vart opna i 1785, etter fleire andre ruter som ikkje var så effektive. Byggjing og vedlikehald av vegen var bøndene sitt ansvar, og mange såg dette som ei tung bør. Det er den danske stathaldaren Hannibal Sehested som får æra for dei første postrutene i landet. Den første kom i 1647 mellom Christiania og Køpenhavn. Seinare følgde innanlandske ruter. Ein kan vel seia at posten var dei første vegbyggjarane her til lands.

 

Ein kan fundera på kvifor postvegen har så mange bakkar og lite svingar. Snorre Øvrebø ved fylkesarkivet i Sogn og Fjordane har funne eit rimeleg svar: «Vegbyggjinga i Noreg på slutten av 1700-talet var inspirert av dansk vegbyggjing, som bygde på det franske prinsippet med rette liner. Det var ikkje så gunstig i Noreg og medførte ofte lange og bratte bakkar som var vanskeleg å komma opp med hest og kjerre».

 
Her frå eit stykke veg nord for AMCAR-klubben. Bein og fin veg!

Arbeidet vidare (Siste nytt først)

13.09.2009

På dugnaden laurdag 12.09.09 møtte Are, Atle H, Kjersti /Lena og Bjørn. Vi fikk rydda gras og lyng på det meste av traseen men rakk ikkje kneika opp mot Raudstein. Dersom nokon har tid og lyst til å ta ein ettermiddag med ryddesaga hadde det vore greit om stien opp frå bossbrenneriet til det høgaste punktet før Arvid og Helen hadde blitt prioritert. Det er svært mykje lyng og nesten vanskeleg å sjå stien. Ellers minner eg om Kulturminnedagen på Helland 20.09 med tur frå Liland kl.12. Håpar mange har tid og anledning til å vera med. Are

05.09.2009

Hei No har dåke ikkje høyrt frå meg på lenge men med hausten i anmarsj er det vel på tide med ein ny dugnad. Søndag 20.09.09 skal vi ha kulturminnedag for postvegen. Markeringa blir på Helland, Husnes men alle er oppfordra til å gå frå si bygd. Vi frå Herøysund går samla frå Liland kl.1200. Det kjem meir informasjon om arr. seinare. For å gjera turen litt finare å gå bør vi ha ein dugnad. Fyrst å fremst bør vi rydda traseen frå Liland til Raudstein med ryddesag og greinsaks.Har du ingen av delene er det fint om nokon stiller med riva. Dugnad laurdag 12.09.09 kl.1000. Oppmøte ved bossbrenneriet så fordeler vi oss ut over traseen i begge retninger. Hadde vore fint med ei tilbakemelding frå dei som veit dei kan og om dåke har ryddesag. Det er mest gras, lyng og små rydningar som er komen opp der vi har rydda.   Mvh Are Uppheim

 

26.05.09

Det nærmar seg sommar, og vi kan no summera opp status pr i dag. Til saman er det no lagt ned 260 dugnadstimar med varierande frammøte. Siste fellesdugnaden var 25. mai då seks vaksne og to ungar fekk rydda resten av strekninga Trones - Liland. Dermed er vegen farbar (om ikkje finrydda) frå Raudstein til Liland. (Dersom du tek turen, er det heilt OK om du tek med deg ryddesag og fjernar lyng og småkvist på strekninga.) Vi reknar med at vi no tek sommarferie frå fellesdugnadane på postvegen, og konsentrerer oss om hagen, båten, stranda, båthamna, kvar for oss. Vi reknar med å få laga bru over Otro før vi tar endeleg ferie. So treffest vi att til hausten. God sommar, og bruk gjerne vegen. Flittig bruk held veksten nede.

 

april 2009

I februar hadde vi litt etterlengta snø og dugnadsinnsatsen vart lagt litt på hylla. men snøen smelta og arbeidslysta kom krypande tilbake. I vinterferien prioriterte enkelte å jobba på postvegen framfor å reisa vekk.

Med fleire dugnader i mars har vi så langt lagt ned meir enn 220 timar på postvegen. 22 vaksne og 9 born har så langt bidratt.Traseen er grovt rydda frå Raudstein til Liland og svært mykje ved er henta ut. Det gjenstår mykje arbeid men det er fullt mogleg å gå heile traseen både for store og små.

Vi minner om at alle som ynskjer mail om tidspunkt for dugnad kan senda mail til are.uppheim@knett.no. Før våren for alvor setter inn håpar vi å få laga bru over Otro samt gå over heile traseen med ryddesag for å få vekk lyng

 

30. - 31. januar

Det var 5 stk fredag 30.01 som totalt arbeidde i 12 timar + 2 timar med maskin. Vi fikk rydda på begge sider av Otro, 'elva til Nils Ove Åkre.'

Laurdag 31.01 var vi 6 vaksne og to ungar. Totalt 20 timar. Fikk rydda 'resten' ved bossbrenneriet og kom gjennom til det finaste stykket nordover (sjå bildet over). Det gjenstår sjølvsagt mykje arbeid men vi er komen igjennom. 

Ny dugnad måndag 09.02. Ryddar då frå Raudstein-sio.Det er sjølvsagt fritt fram for alle å jobba så mykje dei vil når dei vil. Håpar og å koma i gang med brua ein eller annan dag. Johannes har kjørt stolpane inn så det er bare å finna tid. 

 

17. januar

Dugnaden laurdag 17. vart ein stor suksess. Medan fjorden gjekk kvit, var det lunt i postvegtraseen. Heile 15 personar møtte fram.  Dei første var på plass før klokka ti, og dei siste gav seg omlag klokka fire. Då viste det også godt att i vegtraseen. Dei som gjerne vil prioritera laurdagane til andre ting, men har ledige vekedagar, kan kontakta Are Uppheim for å få tildelt ein teig for rydding.

 

10. januar

Laurdag 10. jan. var den første dugnaden på rydding av vegtraseen. Før dette har styret i bygdalaget valt Are, Bjørn og Nils Harald til å greia ut tilhøvet til grunneigarar og mogelege problemstillingar i samband med postvegen. Etter at det var klart at alle grunneigarane var positive, og til dels entusiastiske, tok vi kontakt med Ove Tvedt som hadde brei erfaring med postvegen gjennom Valen. 2. desember vart Interesselaget Postvegen Ølfernes - Herøysund eit faktum. Dermed får vi god hjelp til å koma vidare med prosjektet. Men først skal det ryddast. Du er velkomen laurdag 17. jan frå kl 10 og utover.

 
 
 
 
 
 
 
 
  Tilbake

 
Linker
Vêrstasjon
Dynamiske websider utviklet av: iDrift AS