Framsida
Framsida
Arrangement
Herøysund Bygdalag
Herøysund Grendahus
Styre
Dekka til fest
UTLEIGEPRISAR
Herøysund Idrettslag
Herøysund Skulemusik
Herøysund Båtlag
Stranda
POSTVEGEN
Nyttige lenker
Kontakt oss
Nyhende
Kontakt oss
Herøysund Bygdalag
5462 Herøysundet
Bankgiro: 3460.07.52911
Vipps: #661569
Leiar: Hege Bruntveit
Tlf:959 99 359
Epost:
leiar@heroysund.no
Kasserar: Tonje Smith
Tlf:482 67 433
Epost:
kasserar@heroysund.no

Frå skule til forsamlingshus

Klikk på bilete for full storleik
Herøysund Grendahus slik det ser ut i 2009
 

 

Herøysund Grendahus er frå starten det gamle skulehuset i Bringedalsbygda. Huset

vart bygd i 1902 og var skulehus til nyeskulen kom på plass i 1970. Då vart huset lite

brukt, men vart m.a. nytta til øvingslokale for Herøysund musikklag.

 
Klikk på bilete for full storleik
Ikkje så mykje å sjå på i 1979

Musikklaget overtok huset frå kommunen i 1979, og gjekk seinare saman med

Idrettslaget og foreldrelaget til speidargruppa for å skipa L/L Herøysund Grendahus.

 Etter mange dugnadstimar stod huset klart til bruk i 1982. Då var dei to skulestovene

samanslegne til ein sal på omlag 90 kvm. Eit tilbygg med velutstyret kjøken og

garderobe gjorde at huset vart ein god samlingsstad for bygdefolket.

 

Etter kvart gjekk det opphavelege samarbeidet (lutlaget) i oppløysing. Speidargruppa

vart nedlagd, og lutene deira vart ikkje delt ut til andre lag. Idrettslaget hadde lite bruk

for huset, og planla bygging av eige hus ved banen.

 

Herøysund musikklag stod dermed åleine med ansvaret for huset. Med minkande

oppslutnad, og med dårleg økonomi til å vedlikehalda huset, var det på tide å tenkja

på andre løysingar. På årsmøtet i Herøysund Grendahus i mars 2009, vart Herøysund

Bygdalag utfordra til å koma med ei løysing. Løysinga vart fusjonering mellom

musikklaget og bygdalaget. Grendahuset vart organisatorisk lagt under Herøysund

Bygdalag. Som før har Herøysund Grendahus eige styre, og har ansvaret for eigen

økonomi og drift.

 

I januar 2012 vart huset overdrege frå kommunen til Herøysund bygdalag.

Då vart og gamle hefte/festekontraktar sletta av tinglysinga.

 
 
 
 
 
  Tilbake

 
Linker
Vêrstasjon
Dynamiske websider utviklet av: iDrift AS