Framsida
Framsida
Arrangement
Herøysund Bygdalag
Nytt fra Bygdalaget
Styret 2019
Utval/nemnder
Vedtekter
Dokumenter
Herøysund Grendahus
Herøysund Idrettslag
Herøysund Skulemusik
Herøysund Båtlag
Stranda
POSTVEGEN
Nyttige lenker
Kontakt oss
Nyhende
Kontakt oss
Herøysund Bygdalag
5462 Herøysundet
Bankgiro: 34600752911
Hege Bruntveit
Tlf.:959 99 359
Epost:
hege.bruntveit@gmail.com

Referat Årsmøtet 13. mars 2019

 

 

 

ÅRSMØTE ONSDAG 13.MARS 2019 KL 19:00 I GRENDAHUSET. 

Saksliste:

Godkjenning av innkalling og saksliste

Val av møteleiar og referent

Årsmeldingar

Rekneskap

Nye vedtekter

Evt. innkomne saker

Val etter vedtektene

 

Tilstade frå styret: Atle Reime-Johansen, Henry Aakre, Hege Bruntveit, Ingrid H Wood og Espen Bjelland

Desse møtte ikkje: Tor Harald Bringedal, Christian Førde-Tislevoll, Anjo Såtendal (vara) og Cato Røssland(vara)

Medlemmer som møtte: Silje Merete Sætre, Raymond Støle, Rikke Slåbakk Volden, Alice Kvanndal, Lindy H. Naterstad, Andreas Bringedal, Asbjørn Hellvik, Lars Henrik Skogtun, Ragnhild K. Løland, Siv S. Syversen, Jarle Bruntveit, Svein Arne Eidsvik, Marianne Tveit, Trond Martin Bjelland

 

Henry Aakre ynskjer velkomen til møte. 

Dersom avstemming : Teljekorps : Alice Kvanndal og Lindy H. Naterstad.

Retting til Årsmøteinnkalling : den mangla ei sak –  underskrift til årsmøteprotokoll.

Signera protokoll: Raymond Støle og Jarle Bruntveit.

Saksliste og innkalling godkjent

 

Val av ordstyrar og referent: Atle Reime-Johansen og Hege Bruntveit.

 

Årsmelding – ingen ynskjer den opplest. Årsmeldinga er godkjent.

 

Rekneskap er godkjent.  Betre resultat i år enn i fjor. 

         

2017: kr. -124446,71

 2018: kr. 112955,69

 

Nye vedtekter: 

Spørsmål frå medlem om grendahusleiar si rolle i hovudstyre. Grendahusleiar er ikkje ein del av hovudstyret i bygdalaget. Leiar vert kalla inn ved behov/saker som gjeld huset, men har ikkje stemmerett.

Spørsmål om samarbeid mellom Bygdalag og Grendahus: Leiar leverer rapport til hovudstyret om aktivitet i Grendahustyret.

 

Forslag om vedlegg til vedtektene: Kva ansvar følger kvart verv? Kven har møteplikt? Kven har stemmerett ? Kven har 2 stemmer ved leiar fråvær?

Årsmøtet seier at styret som skal sitte kan lage eigen instruks som dei syns høver.

 

Vedtektene manglar antal medlemmer for å kunne vedta saker: 2/3 av styremedlemmene må vera møtt opp for å kunne stemme og vedta saker. 

Dette manglar og vil bli ført inn i vedtektene før publisering.

 

Ynskje om endring av tidsfrist for melding av saker: Årsmøteinnkalling ska ut seinast 3 veker før møte, set av 2 veker til innmelding av saker, 1 veke til å behandla sakene i styret. Dette vart godkjent og vil først inn i vedtektene.

 

Vara bør kallast inn, men har fyrst stemmerett når den fyller ein plass i styret.

 

Vedtektene bør innehalda kva som skjer med Grendahuset dersom bygdalaget vert nedlagt. Da huset vart kjøpt frå kommunen var avtale at andre lag i bygda kunne overta huset. Dersom ingen vil, skal huset gå tilbake til kommunen. 

Det er skriven ny kontrakt etter dette. 

 

Vedtektene vert publisert på www.herøysund.no. Christian Førde-Tislevoll har «blåst nytt liv» i denne sida. Ta kontakt via «kontakt oss» på denn sida om det er noko de vil publisere eller informere om på denne sida.

 

Til vedtektene: Dersom eit styremedlem trekker seg, rykker eit varamedlem inn som styremedlem. Vara skal fylle fråfall i styret. Dersom fleire trekker seg, må det vurderast å velje inn nye vara, men nye medlemmer kan ikkje veljast inn utanom årsmøte. Ein må da ha ekstraordinært årsmøte om dette vert naudsynt.

 

Medlemmer kan fritt melde inn saker og forslag til bygdalaget. 

Vedtektene er godkjende med dei endringar som er nemnt.

 

Innkomne saker:

Styret har ikkje ikkje fått saker frå medlemmer, men har eit par saker sjølv:

*Styret i bygdalaget bør ha ein nestleiar – dette står i vedtektene og er godkjent saman med dei. 

*Kan styremedlemmer få leiga grendahuset til halv pris, som eit gode for å påta seg vervet? 

Styret for 2017 vedtok honorar til Leiar, kasserar, skrivar og leiar for Grendahuset. Desse skal ha motteke kr 2000,- til leiar og kr 1000,- til dei andre. 

Kommentar frå årsmøte: Det bør vera vanskeleg å gje honorar til nokon og andre ikkje. Det er ikkje kva verv du har som avgjer kva innsats ein legg i det. Eit styremedlem kan vera like aktiv i si rolle som leiar. I tillegg til dei som har fått, so burde også utleigar få honorar som iallfall har ein del jobb gjennom heile året. 

Det vart foreslått på årsmøte at det nye styret kan sjå på dette, og avgjere kva ein gjer med honorar, rabatt til husleige for styret eller anna gode for å ta på seg eit styreverv.

 

*Kan alle verv verte valt inn for 2 år

Pr i dag vert leiar velt inn for 1 år. For å få oversikt i rolla meiner inneverande styre for 2018 at den bør sitte lenger. 

Dette står i dei nye vedtektene og er godkjent saman med dei. Det vil ta eit par valrundar før dette er inne i riktig system. 

 

 

 

 

VAL 20191

 

Herøysund  Bygdalag – styret:

Leiar: Hege Bruntveit

Nestleiar: Rikka Slåbakk Volden

Kasserar: Irene Bergstø

Skrivar: Siv Støve Syversen

Styremedlem: Tor Harald Bringedal

Styremedlem: Christian Førde-Tislevoll 

 

Vara 1 : Cato Røssland

Vara 2 : Silje Olsen Steinsvik

 

Herøysund Grendahus – styret:

Leiar: Henry Aakre

Utleigar : Lindy Hjelmeland Naterstad

Vaktmeister: Richard Pettersen

 

Revisor: Gunnhild Nilsen Hillestad

Revisor: Marianne Tveit

 

Valnemnd : Espen Bjelland og Atle Reime-Johansen

( valnemnd består av 2 medlemmer som går ut av styret)

 

 

Kommentar frå årsmøte til val:

Fleire bør vera foreslått til val slik at det er fleire å velje mellom til verva.  Det er forsøkt foreslått personar til verve, men verva er allereie fylt. 

 

Pr no er det ope for alle å melde seg til verv. Dersom fleire melder seg til val på årsmøte, skal det stemmast.

 

Svar frå årsmøte: Det vert valt inn valnemnd kvar år, og desse har jobben med å finne folk til verva. Dette er vanleg praksis i gjennomføring av val. I andre styre er det ofte ikkje mogleg å komme med andre forslag.

 

Dersom ein ikkje vert spurd, men ynskjer å stille til val, har ein moglegheit å melde seg på årsmøte. 

 

 

Signèrt:

Signèrt:

 

-------------------------------------

-----------------------------------------

 

Referent: Hege Bruntveit

 
 
 
  Tilbake

 
Linker
Vêrstasjon
Dynamiske websider utviklet av: iDrift AS