Framsida
Framsida
Arrangement
Herøysund Bygdalag
Nytt fra Bygdalaget
Styret
Utval/nemnder
Vedtekter
Dokumenter
Herøysund Grendahus
Herøysund Idrettslag
Herøysund Skulemusik
Herøysund Båtlag
Stranda
POSTVEGEN
Nyttige lenker
Kontakt oss
Nyhende
Kontakt oss
Herøysund Bygdalag
5462 Herøysundet
Bankgiro: 3460.07.52911
Vipps: #661569
Leiar: Hege Bruntveit
Tlf:959 99 359
Epost:
leiar@heroysund.no
Kasserar: Tonje Smith
Tlf:482 67 433
Epost:
kasserar@heroysund.no
 


 
Klikk på bilete for full storleik
 Herøysund Bygdalag.

I slutten av 1960 og først på 1970 talet vart laga og organisasjonane i bygda meir og meir ”spesialiserte”. Bygda hadde ikkje noko samlande lag for alle, slik som til dømes Bringedalsbygda ungdomslag hadde vore. Dei slutta av aktiviteten omlag 1970 til fordel for Herøysund Idrettslag. Det blei etter kvart stor aktivitet for idrettslaget og dei som dreiv idrett, men bygdafolket sakna etter kvart eit felles organ som kunne representera bygda i høve til m. a. kommunen.

 

Den 18. mars 1990 var Herøysund Bygdalag ein realitet. Det første styret var samansett av desse:

Lillian Eik

Asbjørn Helvik

Reidun Netland

Leif Johan Helvik

Målfrid Haugse

 

Arbeidsprogrammet som vart gjeve av dei frammøtte var omfatande:

  • Lagerbygg til Bjarte Veastad
  • Barnehagetilbod i Herøysundet
  • Eldretilbod
  • Framtidig bruk av Kvinnherad Distriktsheim
  • Gang-/sykkelsti i Herøysundet
  • Kvinnheradruta

Ser vi på det som har skjedd med dette 'arbeidsprogrammet' kan vi vel seia at det har vorte litt varierande. Bjarte for til Seimsfoss, barnehagen er ein realitet, dei eldre har fått Grendahus Kafè, Distriktsheimen er vorte kompetansesenter for folk med utviklingshemming, Kvinnheradruta er borte (går no frå Rosendal) og gang-/sykkelstien er minst like langt borte, men er meir aktuell enn nokon gong.

 

Som mange andre lag har det vore både opp- og nedturar, men laget er no ein viktig institusjon i bygda. God kontinuitet i styret saman med bra økonomi, tilseier at laget er ein stor ressurs for bygda. Medlemstalet har vore stabilt, men burde vore mykje høgare.

 
 
 
  Tilbake

 
Linker
Vêrstasjon
Dynamiske websider utviklet av: iDrift AS