Framsida
Framsida
Herøysund Bygdalag
Herøysund Grendahus
Herøysund Idrettslag
Herøysund skulemusik
Herøysund båtlag
POSTVEGEN
Kontakt oss
Gjestebok
Nyhende
Kontakt oss
Herøysund Bygdalag
5462 Herøysundet
Bankgiro: 34600752911
Anjo Såtendal
Tlf.:991 57 336
Epost:
anjo-saa@hotmail.com
Andreas Bernardsen
Tlf:482 44 557
Epost:
andreas.bern@outlook.com

Henta frå kontaktskjemaet

Lenge sidan nokon har kome med kommentarar, men vi prøver igjen.
 


12.09.12

Det ser ut som folk kosar seg på rockekonsert,både dei som høyrer på og ikkje minst musikarnane.Dette må då vera eit flott tiltak i SLØYDEN.Lukka til vidare!

 

Sigunn Raudstein Aasheim


 
 

20.06.12

Eg var saman med mange på sommarmarknaden på skuleplassen. Eit kjempeflott tiltak, kunne nesten tru det var 17. mai på ny. Dette må ein bare få til fleire gonger, dette viser livsgnist i bygda. Gratulera!

Henry


 

10.06.12

Det er lenge sidan eg var her. sjølvsakt er eg enig i at me alle må bli flinkare. Me kan ikkje bare forlanga at andre skal skriva, og eg bare vil lesa. Seinast var eg så heldig eller me, Nils H.Kaldestad og eg var så heldige å få lov å representera Bygdalaget med å få kr. 50000,- frå Sparebank 1 stiftinga til Grendahuset. Eit stort løft kan realiserast slik at me kan ha Grendahuset i mange, mange år til. NB. Men her trengst endå ein dugnadstiltak. Håpar på fortsatt fint ver frametter, då er det triveligt å møtast til eit krafttak.

Henry


 

06.06.12

Eg synes det er veldig kjekt å sjå at nhk er så aktiv på Herøysundssida. Håpar alle Herøysundarar nyttar høvet,og melder frå om alt som kan vera av interesse for alle i bygda...

Tordis Berge-Soldal

 

 

26.05.12

Burde vi ikkje hatt eit vebkamera i båthavna vi også, slik som mange andre båthavner har i kommunen?

Svein Sætre

 

 

16.09.2009

Eg er skremd av å lesa at folk eller eigarar må minnast på å rydda. Skal, vil me ha \'Ei perle eit Funn.....\' så må alle vera med å gjera det triveleg rundt det eller der me eig, ja me kan og hjelpa andre om ein ber om det. Hugs at ein ser altid mykje meir hos naboen en hos seg sjølv, men gamle bilar/båtvrak høyrer ikkje til i naturen, heller ikkje som blikkfang nær bustader.
Hugs: Ei perle eit funn me vil stortrivast i Herøysund.

Henry

 
 

24.05.09

Kjempe kjekt å sjå at dugnaden leve i bygda, no er da Grendahuset som har fått eit asiktsløft, KJEMPEJOBB!!!!!!!

Henry

 

30.03.09

Eg er imponert av FAU og alle småbarnsforeldre som står på for skulen vår, og viser politikarane kva som er best for oss og bygda. Stå på, det må vel vera nokon av politikarane som har eit liknande syn som oss, å ta vare på det me sjølve har bygd opp.
ME VIL IKKJE BLI DIKTERTE!!!

 

22.03.09

GRATULERER Linda Tvedt med vinnar-logoen for bygda:-)
Ser fram til dugnad på stranda, flikke litt på perla vår og at folk kjem ut frå vinterdvalen. \'E`det vår no, sidan eg ser dåke\', spurde naboen min om her om dagen, ;-)
Til Siri; Jepp, those were the days. Takk for helsing:-)
I dag regnar det, men gjer då ingenting når vi bur i denne perla og veit at det kjem flotte dagar framover, med kaffien med på dugnad, volleyballkampar på stranda og eit yrande liv dag og natt:-)
Monica Aakre

 

18.03.09

Så flott at Ellen og Åge kjempar for skulen i bygda vår! Dei fortjene DAGENS ROS! Me som har hatt 4 born på skulen her, unne verkeleg andre at skulen skal verta her. Sjølv er eg vaksen opp i Kopervik, gjekk på skule med ca 350 medelevar (ca 30 i kvar klasse) Jo, eg klarde å lera noko- men, eg ser klart fordelane dei har her med småskule. Me forstår ikkje kvifor da skal pirkast opp att og opp att dette med nedlegginga- er det mogleg da er eit trumf-kort for politikarar? Å få da \'igjønå\'? Verkar slik. Heller forstår eg ikkje noko når dei ikkje sparar noko på det. Dei invitere ungdom til å koma \'heim\'- Heim til kva spør eg? Ingen gidd vel bu i nedlagde grendar? Ein treng ikkje vera molbo for å forstå da?!!

 

01.03.09

Eg var så glad for hugsa å gå på årsmøte i H.I.L. Etter å ha motteke den kjekke og flotte årsmeldinga til laget var eg oppteken av å høyra fleire som ville takka dei tilitsvalde for flott arbeid gjennom året. Ikkje minst alle foreldra som har sine håpefulle godt bevart i hendene på trenarane. Nei ikkje eit einaste foreldrepar stilte opp. \'Kor er dåke då\'
Bygdalaget hadde og årsmøte, dei hadde laga ei fin årsmelding og ditto oversiktlig årsrekneskap som viste eit aktivt bygdalag som også hadde fortent rosande ord frå bygdefolket om kva dei hadde fått til siste året. Nei eg var den einaste utanom dei tilitsvalde som var der. Kjære bygdafolk stil opp og vis din iver for bygda vår.

Henry

 

23.12.08

Hei Herøysund!

For ein utflytta Herøysunding så er det kjekt å sjå at bygdalaget har laga slike flotte nettsider. Fortsett med det gode arbeidet. Kvar gong eg sakna heimbygda mi så er det kjekt å sjå på flotte bilete, og lesa kva aktivitetar Herøysundingane er opptatt med osv. Men eg sakna meir aktivitet av dykk som bur i bygda på denne nettsida. Eit av mine ynskje for 2009 er at fleire vil nytta bygdalaget sine nettsider!
God jul og godt nyttår til alle kjende i Herøysund.

Venleg helsing

Tor Harald Bringedal

 

17.12.08

Dette er ei flott side for bygda vår!
Stå på vidare med detta og me komme te å bli betre enn dei andre bygdene(shit, me e jo best av alle bygdene ;) ...)


Mvh Lars Fausk
Litt lengre inne i herøysund(lio)

 

16.12.08

Hei! Eg vil gje all ros til dugnadsgjengen som står på ved oppvekstsenteret. Flott å lesa om dåke i avisa, og godt å sjå at det går an å samlast om ei felles oppgåve til borna sitt beste! Lukke til vidare! Og så helsar eg sjølvsagt spesielt til Randi Beate og Monica: Those were the days, altså!! :o)
God jul, frå Siri i Mauranger

 

13.04.2008

Denne bygdesida synes eg er eit flott tilbud til oss i bygda,og i andre bygder,MEN eg synes ikkje vi Herøysundarar er flinke til å bruka den.Etter å ha vore vekke eit par månader,forbausar det meg å sjå bare ein(1)ny melding.Så \'kom an\'folkens. bruk sida!!!
Vil også nytta høvet til å påskjønna dei unge,og litt eldre,dugnadsfolka i bygda!!De er dyktige til å få til ting. FLOTT! STÅ PÅ!

 

28.03.2008

Flotte sider,kjekkt å lesa om kva som rører seg i heimbygda.Kjempeflott.
S.R.Aa 

 

21.12.2007

Kjekt at me endeleg har fått heimeside i bygda. Vil benytta meg av dette og sei God Jul og eit Godt Nyttår til alle sambygdingar..

Helsing Anne-Grethe oppe i bygda..

 

18.10.2007

Synes at dette var en kjempefin side. Vi er en familie på 5 fra Trondheim som vurderer å flytte til Herøysund, så det var fint å få lese litt om plassen.
Mvh, Marianne Sand

 

16.10.2007

Dette var positivt!

Det var kjekt å sjå at Herøysundet også har fått si eigen heimeside.

Ho er hermed lagt inn som favoritt!

mvh Asle Reime

05.10.2007

Nett oppdaga at bygda er komen på nett:)
Kjempekjekt...gledar meg til å lesa meir. 
                                                       mvh Gro

 

05.10.2007

Gratulere med ei flott heimeside . Dette var eit flott tiltak.

Vigdis Skogtun

 

05.10.2007.

Tillukka med fin side på nettet!

Eg Er innfødd herøysundar ( i 2. etg i huset til Niasen Annanias og Guro Helvik ) på Bruland der vi budde til eg var tre år. Hugsar enno den dagen i 1951 Då vi flytta til Uskedalen med den gamle Chevrolet lastebilen til Haugse-Jakoben. Vi reiste frå Herøysundet grunna flyttinga av telegrafstasjonen som vart lokalisert i Uskedalen dette året. Minnast og eg var på butikken til Bua-Heljen og Konstanse og kjøpte karamellar.

Lukke til vidare med arbeidet.

Einar Gjertsen

 04.10.2007

Kjekt og sjå att Herøysund er på nett skal bli artig og lese meir.

Øyvind og Rebekka.

 

04.10.2007

Grådig kjekt at Herøysund har fått si eiga sida. Gler meg til å lesa meir her.

Helsing Berit Helvik

 

03.10.2007

Gratulera med ny flott heimeside.
Beste helsing redaksjonen
mauranger.no

 

02.10.2007

Takk til alle som var med på dugnad på tirsdag :-) Kjempeflott.

Ivar

 

25.0907

kjempeflott at de har fått til denne sida:-) gler meg til å lese meir!

Monica Aakre

 

19.09.07

Svert kjekt å kunna lesa nyhende om bygda. Kanskje dette og er ein fin plass å mimra litt, eller fortelja om hendingar.

Velkomen skal du vera!

Henry Aakre

 

16.09.07

Kjempeflott. Utrulig bra at Herøysund er komen på nett.

Helga Yri Hivand

 
 

10.09.07

Kjempeflott, dette var kjekt å sjå og lesa.

Milfrid

 
 
 
  Tilbake

 
Linker
Vêrstasjon
Dynamiske websider utviklet av: iDrift AS