Framsida
Framsida
Arrangement
Herøysund Bygdalag
Herøysund Grendahus
Herøysund Idrettslag
Herøysund Skulemusik
Herøysund Båtlag
Stranda
POSTVEGEN
Nyttige lenker
Kontakt oss
Nyhende
Kontakt oss
Herøysund Bygdalag
5462 Herøysundet
Bankgiro: 3460.07.52911
Vipps: #661569
Leiar: Hege Bruntveit
Tlf:959 99 359
Epost:
leiar@heroysund.no
Kasserar: Tonje Smith
Tlf:482 67 433
Epost:
kasserar@heroysund.no

Takk Henry!

Klikk på bilete for full storleik
Diskusjonen går
 
Grendahus kafé held på tradisjonen med ein tur før sesongavslutning. Denne gongen gjekk turen til Hardanger. (Siste kafédag vert 20. juni)
 

Som blomstringstur var ikkje alle like imponerte. Dei store bugnande fruktrea med eit hav av blomar var no erstatta med små tre, og mindre imponerande blomeprakt. Men blomstring var det absolutt.

 
Klikk på bilete for full storleik
Kjølstrekking av ein Strandebarmar

Men Hardanger er meir enn fruktblomstring. Første stopp var Hardanger Fartøyvernsenter der vi vart tekne i mot av Oddvar Soldal. Han fortalde om starten med restaurering av hardangerjakta, som er velkjend i fjordane våre. Han gav oss så ein spennande tur rundt på senteret der vi m.a. fekk sjå kjølstrekking av to Strandebarmbåtar.

 

Eter ein lunsjpause fekk vi sjå biletserien 'Då sjøen var vegen' med dagleglivet ved dei små strandstadane i vårt område. Mange gode foto av kjende og ukjende båtar - Sunnhordland, Vøringen, Granvin m.fl.

 
Klikk på bilete for full storleik
Roar nervane før sidersmaking

Neste stopp var Ulvik med besøk og smaksprøvar på Hardanger Saft- og Siderfabrikk. På Lekve gard vart vi tekne godt i mot av Nils J. Lekve. Her fekk vi følgja prosessen frå eple til saft, til sider og eplebrennevin og eplelikør.

 
Klikk på bilete for full storleik
Litt meir en heimeindustri

Gode smaksprøvar, men dette stagga ikkje svolten. Vi måtte vidare til Kinsarvik der middagen venta. Du kan tru det smaka! Biff med potetstappe og italienske grønsaker.

 

I 9-tida starta vi, og kl 21 var vi heime att etter ein fantastisk tur. Takk til Henry og resten av kommitéen.

 

nhk

 
 
 
  Tilbake

 
Linker
Vêrstasjon
Dynamiske websider utviklet av: iDrift AS