Privatskule i Herøysund? |
|
|
Det er fatta eit vedtak om at Bringedalsbygda skule skal leggast ned. Det er levert inn klage til fylkesmannen på lovligheita av vedtaket. Då det er stor moglegheit for at vedtaket om nedlegging blir ståande, vil snart elevane ved skulen vår måtte bytte skule.
|
|
Det jobbast hardt frå mange hold for å prøve å omgjere dette vedtaket, og vi støttar dette arbeidet og håper det førar fram. Men for å unngå å komme i den situasjonen at skulen blir lagt ned og at våre barn blir plassert på skuler utanfor bygda vår, har vi starta ei privatskulegruppe.
|
|
Privatskulegruppa har arbeid med å utrede muligheita for å starte barneskule i Herøysundet. Grunnen til at dette arbeidet har starta før nedlegginga er eit faktum, er for at prosessen tar veldig langt tid. Frå skulesøknaden er levert inn til den er ferdigbehandla tar det om lag 12-14 månader. Forarbeidet til søknaden er og veldig omfattande og tar langt tid.
|
|
Privatskulelova av 2007 tillet at private aktørar kan drive skuleverksemd så lenge skulen drives på grunnlag av godkjent pedagogikk eller ein religiøs retning.
|
|
Vi har landet på Montessoripedagogikken då den tar utgangspunktet i heilskapleg forståing av den enkelte barns lærebehov gjennom sin utvikling frå barn til ungdom, og den er ikkje livssynsbasert. Det er også ein pedagogikk som har vist seg å skape eit godt læringsmiljø.
|
|
Kva må til for å starte privatskule i Herøysund?
|
|
Skulebygg: Det vil bli gjort hendvending til kommunen for at bygda kan kjøpe eller leige det eksisterande skulebygget.
|
|
Lærarar: Det vil bli satt inn annonser i lokale media for å rekruttere lærarar som ynskjer å ta vidare utdanning for å kunne jobbe som lærar ved ein Montessoriskule. Vi vil så langt det lar seg gjera å støtte de lærerne som blir plukket ut til å jobbe ved Bringedalsbygda Montessorisenter. Det vil og bli tilsett ein dagleg leiar/rektor.
|
|
Økonomi: Vi er registrert i Brønnøysund registra, som Bringedalsbygda Montessori Senter. Vi er pålagt å ha ein grunnkapital på kr. 100 000,-. Dette er ordna. Men for å ruste opp skulen og å gå til innkjøp av naudsynt skulemateriell kan det være behov for litt meir eigenkapital .Dette vil vi forsøka å få inn frå diverse bedrifter i kommunen. Det vil og være sal av andelar frem til ein eventuell skulestart.
|
|
Elevar: Vi håper at alle elevane vil fortsette vidare på Bringedalsbygda Montessorisenter.
|
|
Å starte ein privatskule i Herøysund vil føre til at ingen av dei uheldige bivirkningane ein skulenedlegging medfører vil gjøre seg gjeldande. I tillegg vil ein privatskule som har eit godt rykte på seg kunne føre til at tilflyttinga aukar. Ein privatskule er ikkje prisgitt vekslande kommunestyrar og budsjettsvingingar, og vil være ein trygg og bestandi institusjon i bygda. Dette vil ha gode langsiktige konsekvensar for bygda i form av at folk i etableringsfasen og barnefamiliar kan være sikre på at skuletilbodet ikkje plutselig vil forsvinne.
|
|
Styret i Bringedalsbygda Montessorisenter. |
|
|
|
|
|