Framsida
Framsida
Arrangement
Herøysund Bygdalag
Herøysund Grendahus
Herøysund Idrettslag
Herøysund Skulemusik
Herøysund Båtlag
Stranda
POSTVEGEN
Nyttige lenker
Kontakt oss
Nyhende
Kontakt oss
Herøysund Bygdalag
5462 Herøysundet
Bankgiro: 3460.07.52911
Vipps: #661569
Leiar: Hege Bruntveit
Tlf:959 99 359
Epost:
leiar@heroysund.no
Kasserar: Tonje Smith
Tlf:482 67 433
Epost:
kasserar@heroysund.no

Gratulerer Herøysund

Klikk på bilete for full storleik
Nytt liv i butikken
 
I dag kan vi gratulera Herøysund med nytt liv i butikken. Ikkje melk og brød, men m.a. slangar! Då Slangeservice AS opna dørene i dag, var det 'stinn brakke' fortel Trond Martin Bjelland.
 
Klikk på bilete for full storleik
Slangar er hovudsak

Etter at Jokerbutikken la ned har butikklokala stått tome. For oss i nærmiljøet var det difor stor stas då vi høyrde rykte om at det kanskje kunne koma nytt liv i lokala.

I dag vart dette røyndom. Slangeservice AS flytta frå garasjen til Trond Martin Bjelland inn i butikklokalet. Som firmanamnet seier er det hovudfokus på slangar. Ikkje levande slangar, men hydraulikkslangar, koplingar og anna som høyrer til.

I butikken finn vi og div. verktøy, vernesko, arbeidstøy, arbeidslampar, og mykje meir - ein butikk for mannfolk!

Herøysund Bygdalag ønskjer lukke til med butikken, og vonar på eit langt liv. Skulle det ikkje vera trong for eit par arbeidshanskar, så kan det likevel vera greitt å koma innom på ein kaffikopp.

nhk

 
Klikk på bilete for full storleik
Ungdom og verktøy er godt match
 
 
  Tilbake

 
Linker
Vêrstasjon
Dynamiske websider utviklet av: iDrift AS